OBS! Infomøte er utsett

Infomøte som var planlagt den 15. mai vert utsett.

Ny dato kjem om litt, så følg med wink

Her er dei !! Våre nye tilsette!

Jeanette Viereck, er allmennlærer med lang fartstid på Danielsen Ungdomsskule Sotra. Ho er opprinneleg frå Karmøy, men bur no på Frekhaug saman med mannen sin, Jörg og dottera deira. Jeanette liker å være ute, reise og er eit stort fotballfan! Ho skal vere lærar og rådgjevar og er allereie i gong med samtalar med skulane elevane våre går på, PPT og andre relevante instansar. 

Benedikte Norheim, er miljøterapaut/vernepleiar i Lindås kommune, lommekjend på Frehaug Bedehus og vil fungera som ei potet på DUF. Ho vil få ansvar for ein del kontorarbeid, assistentoppgåver samt å driva skulelunsjen. Benedikte er opprinneleg frå Alversund, men bur no på Hjertås saman med mannen, Harald og deira tre born.

Øystein Lossius, er allmennlærar med lang fartstid på Danielsen Ungdomsskule Sotra. Han kjem opprinneleg frå Åsane, men flytta til Frekhaug for kort tid sidan. Han er veldig glad i å sjølivet, både via båt eller kajakk, om han ikkje syklar. Men for tida går det mest i bleieskift på den ferskeste gutten i familien. Gratulerer til heile familien!

 

 

Knut Andrè Dahle, er adjunkt med erfaring frå bl.a. Danielsen vgs i sentrum. Knut Andrè kjem opprinneleg frå Molde, men fant kjærleiken i Nordhordland. Han er gift med Marie, og bur i Åsane. Knut Andrè liker å lese bøker, spele gitar og sjå fotball på tv. Han skal undervise, samt ha noko IT-ansvar. 
Ingrid Korneliussen, er allmennlærar med vekt på spes.ped. Ho kjem frå Romarheim, og gifta seg i april med sin Stian. Ingrid skal undervise, samt ha ein del spes.ped og assistentoppgåver. Ho gler seg veldig til å møte elevane, og det er kanskje nokon som allereie har møtt ho på leirskule på Dyrkolbotn? 

ELEVKVELD

 

REKTOR

Styret ved Egill Danielsen Stiftelse har tilsett Laila Eidsheim som rektor ved Danielsen Ungdomsskule Frekhaug frå 1.juli 2012.

Laila Eidsheim er i dag rektor ved Danielsen Ungdomsskule Osterøy, men gjev stafettpinnen vidare til noverande rådgjevar, Jostein Fossmark, for å vere med å starte ungdomsskulen på Frekhaug.

Laila og Jostein er begge studentar frå det aller fyrste lærarkullet hjå NLA Lærerhøgskulen, Breistein.

Laila Eidsheim er fødd og oppvaksen på Romarheim, og har eit stort hjarta for Nordhordland. Ho gler seg til å verte betre kjent med dei flotte elevane som allereie har takka ja til å verta det fyrste kullet ved DUF, og ho er samstundes spent på om det er endå fleire som kjem til å sende inn søknad i løpet av dei neste vekene.

Framleis LEDIGE plassar !!

Vi har framleis ledige plassar i både 8. og 9.trinn til hausten 2012. Så her er det berre å kasta seg rundt og sende inn søknadsskjema! 

BREVA ER I POSTEN!

Då har det aller fyrste klassen i det aller fyrste kullet ved Danielsen Ungdomsskule Frekhaug fått brev i posten!

Søknadsfristen nærmar seg...

Klikk her for å gå til søknadsskjema

Snart er januar månad ferdig, og 1. februar står klar ved døra. Vi vil be alle interesserte om å søkje seg inn på DUF så snart som mogleg! Det er nok mogleg ta inn elevar etter søknadsfristen, om der er ledige plassar i klassane. Men det vil vere veldig flott å kunne få gjere klart så mykje som råd for elevane våre før oppstart i august. Vi treng også å få tilsett nok personale til alle som ynskjer å gå på Danielsen Ungdomsskule Frekhaug så tidleg som mogleg. 

Ver med å spreie beskjeden om at no må søknadsskjema fyllast ut, og sendast inn snarast!

Ressursar og tiltak

Det er ein del som lurer på om elevane ved private skular har krav på dei same tilboda som elevar ved kommunale skular.... 

Ja, det har dei! Dette gjeld t.d.

  • Spes.ped-tiltak
  • Skulehelseteneste
  • Tannlege
  • Skuleskyss
  • Skulefrukt osb.

Alle tilbod gjeld for Danielsen-elevar på lik linje med elevar ved kommunale skular.

Søknadsfristen nærmar seg ! ! Skund deg å søkje!!

Skund deg å søkja...

Gode grunnar til å velga Danielsen

Danielsen Ungdomsskule Frekhaug er en kristen friskule, med fokus på verdiar.
Høg fagleg standard på undervisning og læremiddel er viktig når ein driv skule. Me ynskjer til ei kvar tid å ha nye og gode læreverk.
Alle elevar ved Danielsen får bærbar Mac som skal brukast i skulekvardagen og til heimearbeid.
Elevane ved Danielsen får skulelunsj kvar dag. Me trur læring skjer best etter eit godt og næringsrikt måltid.
Me ynskjer at Danielsen-elevar skal ha ein trygg skulekvardag. Alle skal få god og riktig oppfølging.

Syndiker innhald