Fint vær? På ekskursjon? På Vestlandet?

Fint vær? På ekskursjon? På Vestlandet?

«Det kjem til å regne og blåse på Lygra, ta på deko ull!»

Etter veker og månader med regn og atter regn, den eine «haustdagen» etter den andre, var eg overbevist. Me kom til å verte søkk våte, litt småsure og kalde på tur til Lyngheisenteret. Og me som skulle oppleve kor kjekt ekskursjon er!

Lyngheisenteret 5

Det vart sjekka værmeldingar og falda hender, men ikkje før dagen før kjende eg meg sikker. Me fekk godt vær, og påkledninga eg skisserte vart i varmaste laget. Iallefall etter ein runde i lyngheiene. Med ljå, spade, rake og omvisning av dyktige kunnskapsrike damer hadde me ein flott dag – både store og «små»! Me lærte om lyngheiar, torv, torvmose, villsau, spælsau, Sitkagran, Lurefjorden, maneten «Perifylla», kipe, ljå og mykje mykje meir. . Nokre av oss fekk til og med villsau til lunsj. Ein innhaldsrik, lærerik, sosial og kjempekjekk dag!

Det er på dagar der det regnar både oppover, nedover og sidelengs me kan glede oss over å ha lagra slike opplevingar i naturfagsmappa. Takk for oss og takk for ein fin tur 9.A!

– Ein nøgd naturfaglærar, Ingvild-

Lyngheisenteret 2

Lyngheisenteret 4

Lunsj med utsikt, den einaste gangen me var inne på Lyngheisenteret!

Lyngheisenteret 1

Med kipe på, var det like behagelig når den var full i torv dag etter dag? undra me!