Misjonsaksjonen 2014

Misjonsaksjonen 2014

Måndag 3.november landa to tilsette og tre elevar ved DUF på Indonesisk landjord. Dei besøkjer Norsk Luthersk Misjonssamband og opplever korleis dei jobbar der. Me gler oss stort til å høyre frå dei!

Her heime skal me gjere det me kan for å hjelpe. Sidan skulen starta opp i 2012, har me støtta NLM sitt arbeid i Indonesia. Me samlar mellom anna inn pengar gjennom ein aksjonsdag i desse tider og har misjonsløp når våren kjem.

Misjonsaksjonen 2014

Tysdag 11. november skal alle elevane ved Danielsen Ungdomsskule Frekhaug ha arbeidsdag til inntekt for misjonsprosjektet ved skulen. Dei kan arbeida heime, på foreldra sin arbeidsplass eller i ei anna bedrift. . Aksjonen minner om det ein kjenner til som OD-dag på andre skular.

Pengane me samlar inn denne dagen går i sin heilskap til eit prosjekt gjennom Norsk Luthersk Misjonssamband i Indonesia, retta mot barn, helse og leiarutvikling i kyrkja.Prosjektet har tre fokusområde:

  1. Tryggleik for born og unge i familie, skule og samfunn
  2. Enkle trinn mot betre samfunnshelse via opplæring, forebyggande helsearbeid og grunnleggande helsetiltak
  3. Utrusting, leiartrening og samarbeid med den lokale kyrkja

Les meir om NLM sitt arbeid i Indonesia her.

Bileta du ser i dette innlegget er henta frå NLM sine nettsider.