Klar, ferdig, ferie!

Klar, ferdig, ferie!

Bord, stoler og vegger er vaska, skapa er tømde og karakterane leverte. Me har hatt vår siste skuledag før sommarferien og ser tilbake på eit supert skuleår med ein stor og flott bukett med elevar.

Dei siste dagane har gått med til å svinge vaskefilla og å være sosiale i klassane. I dag starta me dagen med fellessamling for 8. og 9.trinn der Solveig opna med den nydelege sangen «Come to Jesus», Laila held andakt og Knut Egil fekk oss til å trekkje på smilebandet med sjølvkomponert sang. På fredag fekk me også oppleve ein kjekk aktivitetsdag vel gjennomført av både engasjerte lærarar og spreke elevar. No ynskjer me alle ein ordentleg god sommarferie og gler oss til både nye og «gamle» elevar møter opp ved skulestart i haust. Om ein ynskjer å sjå på skuleruta finn ein denne i hovudmenyen her på nettsida vår.

Oppsett

Fotballturnering, stafett, kulestøt, spydkast, kanonball, landhockey, stille lengde med meir på programmet. Gøy!

Kanonball 2

Engasjerte 8.klassingar speler kanonball

Kanonball 1

Vinnarane 2

Lærarane måtte sjå seg slått i fotballturneringa då dei møtte vinnarlaget frå finalen!

Vinnarane 1

Vinnarlaget til 9.B jublar over seieren!

Fellesbildet

Fellesbildet romma ikkje alle på skulen, men eindel fekk me med… Premie til alle som kom på pallen i friidrettsgreinene!

Lunsj

Godt vær og varm lunsj, herleg!

Pallen

Det vart mange käringar, ein flink gjeng

Start

Mål

Stafettløype med 7 ulike etappar, mellom anna kompisbæring. Gratulerer med ein knepen seier til gjengen frå 9.A!

Kjegler

Berge

Eilèn tar tida

60-meteren: Berge spring, Eilèn passar tida

Fotballkamp