Ledig stilling som Inspektør 1 skuleåret 2019/20

Ledig stilling som Inspektør 1 skuleåret 2019/20

Ønskjer du å arbeide ved ein kristen friskule med eit inkluderande personale, og mål om å sjå den enkelte eleven?

Vi søkjer etter Inspektør 1 til skulen, i vikariat for skuleåret 2019/20.

Danielsen skoler er ei kristen friskulerørsle i områda rundt Bergen og på Haugalandet. Første skulen vart stifta i 1932. Vi har 8 skular frå barnetrinnet til vidaregåande med omtrent 2000 elevar og i underkant av 250 tilsette. I Bergen sentrum ligg to vidaregåande og ein ungdomsskule. Vidare har vi ungdomsskule på Osterøy og Frekhaug, i Bergen, Haugesund og Karmøy, samt barne- og ungdomsskule på Sotra.

For skuleåret 2019/20

Skuleåret 2019/20 treng Danielsen ungdomsskule Frekhaug ein Inspektør 1, som også vil vere fungere som rektors stedfortreder.

Me kan tilby:

  • eit godt, støttande og inkluderande arbeidsmiljø
  • spennande og viktige arbeidsoppgåver
  • lunsj
  • gode medarbeidarar
  • lønn tilsvarande som i offentleg skule
  • ein skule der kristne verdiar vert sette på dagsorden
  • mac som arbeidsverktøy

Me ønskjer:

  • ein god, tydeleg og trygg leiar som evner å skape gode miljø og fremmar utvikling av organisasjonen
  • løysingsorientert person
  • effektivitet, og stor arbeidskapasitet
  • fleksibilitet, orden og struktur
  • ei hjelpande hand/ vaksne som ser dei tilsette og eleven
  • grunnleggande IKT – kompetanse

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • Vera ein del av leiarteamet ved skulen
  • Ansvar for nasjonale prøvar og eksamen
  • Oppfølging av skulen sitt kvalitetssikringssystem
  • Elevsaker og oppfølging av §9A
  • Tilrettelegging av valgfag
  • Pedagogisk utviklingsarbeid
  • Oppfølging av trinnleiarar
  • Undervisning i 50%
  • Andre oppgåver kan koma i tillegg

Inspektør 1 rapporterer til rektor

Tilsette ved DUF må kunne identifisere seg med, og fremje formålet og det kristne verdigrunnlaget for skulen, samt forplikte seg på skulen sitt verdidokument.
Stillingane inneber tett kontakt med elevar, lærarar og andre tilsette, foreldre, og kommunale instansar.

Søknadsfrist: 30. april

Ta gjerne kontakt med rektor på tlf: 99 64 22 82 om du har spørsmål. Søknad sender du på eige søknadsskjema som ligg i link under.

Trykk på linken for mal til søknad:

Søknadsskjema tilsette Danielsen Ungdomsskule

Ferdig utfylt søknad sendast til:

e-post:
Laila.eidsheim@danielsen-skoler.no
Post:
Danielsen Ungdomsskule Frekhaug
Postboks 56
5906 Frekhaug