MISJONSLØP

MISJONSLØP

Misjonsløpet 2017

Danielsen ungdomsskule Frekhaug har valt eit misjonsprosjekt i Mongolia dei neste tre åra.
Pengane som vert samla inn vil gå til eit prosjekt i regi av Norsk Luthersk Misjonssamband som har tre fokusområde:

  • Hjelp til utsette born
  • Idrett og tru
  • Evangelisering / kyrkjelydsarbeid.

Ein viktig aktivitet for å samle inn pengar er det årlege ”Misjonsløpet”.

Datoen for løpet er:
Fredag 16.juni.

I misjonsløpet skal elevane springe ein runde rundt skulen sitt område på om lag 700 meter. Denne runden spring dei så mange gonger dei klarar i løpet av 60 minutt. Ein kan sjølv velje om ein vil springe/gå på vanleg måte, eller vere meir kreativ. Kanskje vil nokon krabbe, gå baklengs, springe med trillebår, kle seg ut eller liknande?:) Dette vert ein morosam og aktiv dag, der me samstundes er med og hjelper menneske i Mongolia.

Kvar elev skaffar seg sponsorar på førehand. Desse bestemmer seg for eit beløp dei vil betale for kvar runde elevane spring. Ein kan også velje å gje eit fast beløp. Sponsorar kan vere familie, vener, andre privatpersonar, eller bedrifter.

Døme: ein elev klarer å springe 10 rundar, og ein av sponsorane har på førehand bestemt seg for å gje 25,- pr runde. Det vert då totalt 250,- til misjonsprosjektet :)

Elevane tar med seg lista med sponsorar til kontaktlærar før løpet, og sender betalingspåminning til sponsoren etter løpet.

 

For meir informasjon, spør kontaktlærar, eller ring skulen på

tlf. 56 17 79 06 og spør etter Dag Erik Asdahl eller Anne Karin Rød.

LUKKE TIL ! :