Misjonsløpet 2015

Misjonsløpet 2015

Elevar som er festa saman på armar og føter, sit i handlevogner, går på stylter og spring med symjeføter. Ein ugjenkjenneleg rektor på ski og lærarar kledd i all slags klede. Kva var det eigentleg som skjedde ved Frekhaug Bedehus frå 12 til 14 i dag?

No skal du høyre! Me samla nemleg inn pengar til misjonsprosjektet vårt i Indonesia, og det går rykter om eit skjegg som ligg syltynt an… Per Byrknes som jobbar på DUF har nemleg lova at han, i full offentlighet, ofrar skjegget sitt om det har tikka inn over 70.000.- på misjonskontoen innan utgangen av april! Ny runderekord vart det også i dag, og ein skal ikkje sjå vekk i frå at nokre av prestasjonane vert premierte i etterkant – fantastisk godt jobba av alle saman! Sjå berre her kor kjekt me hadde det:

Laila

Kan det være, er det verkeleg..? Ja, det ER Laila!

Dag Erik

Det er klart ein må ha ropert og Tysk politi-regnfrakk når ein les opp viktig informasjon. Klar, ferdig, gå!

Jenter med hatt!

Jenter med hatt og bart (ja, faktisk!) klare for innsats!

Jeanette

Lærarane tel rundar undervegs i løpet, ikledd lekre kostymer frå «heile» verda!

Stylter

Klar for fyrste runde – på stylter!

Framsidebilete

Takk for innsatsen, og takk til alle som støtta misjonsløpet i år!