Ny rektor ved Danielsen Ungdomsskule Frekhaug

Ny rektor ved Danielsen Ungdomsskule Frekhaug

Øystein Lossius er tilsett som rektor ved Danielsen Ungdomsskule Frekhaug for skuleåret 2017-18, i noverande rektor si permisjonstid. Han går då også inn i rektorkollegiet ved dei åtte skulane under paraplyen Egill Danielsen Stiftelse.

Øystein har jobba ved skulen sidan oppstarten i 2012, og som inspektør 1 frå 2013. Her har han hatt ansvar for store delar av den daglege drifta ved skulen. Han kjenner difor svært godt til alle sider ved skulen.

Noverande rektor, Laila Eidsheim, ønskjer Lossius lukke til i stillinga.