Reisebrev frå Indonesia

Reisebrev frå Indonesia

4.-12.november reiste to tilsette og tre elevar på skulen til Indonesia for å besøke NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) sitt arbeid der. Ingeborg og Tina som begge går i 9.klasse tek oss her med på reisa ved å gi oss innblikk i sine dagbøker. Lurar du på korleis dei snakkar i Indonesia eller korleis ein jungeltur kan utarte seg? Bli med på reisa, dag for dag!

4. november

Denne dagen gjekk med til reising, og litt sightseeing. Berre frå flyplassen til der vi budde, fekk eg mange forskjellege inntrykk. Alt var annleis frå Noreg, spesielt trafikken. Litt seinare var vi i ein moské, der vi blei kledd opp i ei slags nasjonaldrakt. Det var veldig varmt å ha på seg, men vi hadde jo vanlege klede på oss under då. Vi var alle ganske slitne då denne dagen var over, sidan vi hadde reiste så langt.

IMG_0170

DSC_0032

Indonesia - leik

IMG_0082

 5.november

Me stod opp kl. 06.45 og reiste frå huset kl. 07.30. For i dag skulle me til ein flyktningleir. Den ligg litt utafor sjølve byen Medan, og me kjørte litt opp i fjella. Nesten så me følte oss litt heima. Opplevelsen begynte allereie i bilen, der me av og til satt og klamra oss i sete og gjorde oss klare til ein skikkelig smell. Kjøre-forhalda der nede, er berre heilt CRAZY. . På vegen såg me også nokre aper som satt i vegkanten. Veldig søte.

 Da me kom opp til flyktningleiren, fekk me oss ein liten overaskelse. Me var ikkje dei einaste som skulle vera på besøk. Det såg ut til at heile militære hadde kome på besøk. Plutseleg følte eg meg litt liten, og nedprioritert. Også gjekk det mange menn rundt oss med gevær i lomma. Det er passe skummelt. Men me fekk i alle fall sjå ei ganske kul oppvisning som militære hadde.

Etter oppvisninga delte dei ut mat til alle. Eg håpar i alle fall det var mat til alle. Me fekk mat med ein gong, mens me såg at små ungar måtte springe etter for å få noko. Me delte ut det me hadde fått. Det vart dei veldig glade og takknemlige for. NLM-teamet og oss i gjengen hadde satt oss til i eit lite rom, der me skulle ha litt oplegg seinare. Og det tok ikkje mange minutter, før mange små hovud titta inn døra.

 NLM hadde lagd klar nokre leiker og ballonghattar som dei delte ut. Det var sterkt å sjå kor mykje det betydde for dei. Eg var med å leike, og lærte meg ein ny song. I tillegg, fekk eg endelig prøve ut det eg kunne av indonesisk. Eg snakka med ei lita jente:

”Hai, nama saya Tina. Siapa nama anda?” (Hei, eg heiter Tina. Kva heiter  du?)

Jenta: ”Nama saya Briska” (Eg heiter Briska)

”Saya berasal dari Norwegia.” (Eg kjem frå Noreg).

 Fint å prøve litt nye ting J På kvelden besøkte me Linna familien. Dei har ei jente, Maud, på 11 år. Ho blei eg veldig godt kjent med, og hadde mykje gøy med resten av turen og.

DSC_0045

6. november

Vi byrja denne dagen med å ha eit møte på ”kontoret”. Der song vi, ba litt og introduserte oss sjølve. Då vi var ferdig på ”kontoret”, skulle vi ut i jungelen. Alle var veldig spente. Det var ganske langt å køyre. Vi budde i nokre hytter som stod rett utanfor der den ”tettare” jungelen byrja. Det var der vi såg mest til insekt. Det var ganske mange gekkoar der, og maur.

IMG_2904

IMG_2927

IMG_2959

7.november

I dag kunne me velje å stå opp tidleg, og få mest mogleg ut av jungelturen, eller me kunne sove litt lenger, men ha litt meir hast i jungelen. Me valgte sjølvsagt å stå opp tidleg. Me pakka sekken og la ut på ferda i jungelen (etter ein god frukost i resturangen, og ein sjekk på face). Det var veldig kult å sjå korleis jungelen såg ut i verkelegheita. Stilige planter, trær, og lianer. Me fekk ganske tidleg på turen sjå den fyrste orangutangen. Den var tam, og heitte Sandra. Me fekk mate ho, og tok mykje bilder.

 Vidare fekk me også sjå nokre små, søte, gråe aper, med ein veldig lang hale. Eg trur me kalde dei ”monkey ponkey” ape, men eg veit ikkje kva dei eigentleg heiter. Dei liknar på apen til ”Pippi”. Dei såg me sikkert 10 stk. av. Like etter såg me ein orangutang til, som tydeligvis var veldig glad i mat. Denne orangutangen var vill, så me fekk ikkje lov å mate den. Men bilder tok me. Og den lille ungen til orangutangen hadde eit lite sirkus-show for oss. Den hoppa fram og tilbake frå tre til tre.

 Me var heldige som fekk sjå så mange dyr som me gjorde. Dagen før, hadde dei berre sett ein ”monkey ponkey” ape, og ingen orangutangar. Me fekk veta at det også fantes både tiger og bjørn i denne jungelen. Me såg nokre bjørnespor oppover trea, men ikkje noko teikn til tiger.

 Då jungelturen var ferdig gjekk me ned til ei elv i jungelen for å bade. Det var veldig sterk strøm i den. Men det stoppa eigentleg ingen. Alle hadde fortsatt lyst å bade i ho. sjølv om Benedicte sa at me eigentleg ikkje burde, sidan me kunne drive langt ned i den ukjende elva. Men me bada no likevel. Heilt fantastisk og digg følelse. Når me kom heim på kvelden, hadde Anna og familien laga deileg pizza.

8. november

Mens jentene starta dagen på spa, starta gutane dagen med å spele fotball. Vi fekk både manikyr og pedikyr. Vi hadde jo slappa skikkelig av, men gutane hadde verkeleg fått køyrt seg. Dag Erik hadde forstua armen skikkelig, han måtte ta røntgen på sjukehuset, og dei andre gutane hadde vondt ein eller annan stad. Resten av dagen koste vi oss med å ete taco, sjå film og ete laurdagssnop.

Indonesia - spa

 9.november

I dag begynte me med å gå i kyrkja. Me blei med i den menigheita som Linna-familien brukar å gå i. Det er møter som foregår på ein kino. Det er altså ikkje ein film som går heile tida, men det er i ein kinosal, sikkert for å få plass til alle. Det var song, andakt og litt prat på slutten.

Etter møte, reiste dei som ville direkte på shopping. Me shoppa på ”Sun plaza”, som er eit veldig stort kjøpesenter. Den største opplevelsen der, var vel ”Hello Kitty” restauranten der alt var Hello Kitty. Veldig søtt. Etter shoppinga kunne folk velje å shoppe meir, eller reise for å bade på skulen til Amalie, Jakob, Maud og Leander. Det var veldig deilig å kjøle seg ned. Det er ca. 30 grader der nede, heile tida. Kveldsen blei på KFC.

Indonesia - hello kitty

10. november

Denne dagen skulle vi syngje på ein engelsk gudsteneste i eit teologisk fakultet. Vi stilte oss opp, og song ”O store Gud” framfor ca. 300 menneske (trur eg).  Etter gudstenesta gjekk for å shoppe endå litt meir på Sun Plaza. Sun Plaza er eit ganske stort kjøpesenter. Etter at vi var ferdig med å shoppe, reiste vi heim og spelte kort. Vi slappa av resten av dagen.

 11.november

Dette var den siste dagen me var i Indonesia. Det var ganske trist å sei hadet, sidan det blir lenge til neste gong me får sjå dei. Og ekstra leit å sei hadet til Maud, som eg hadde blitt så godt kjent med. Men me har planlagt å møtast ein gong.

 Før me reiste til flyplassen, hadde me eit møte med dei som bur der nede, Familien me budde hjå, og alle me som kom frå Noreg på besøk. Me snakka om korleis det hadde vore, kva som var det beste minne, og om det hadde nådd forventningane. Det som var litt artig, var at flyktningleiren var det som gjorde mest intrykk på både Henrik, Ingeborg og meg(Tina). Koseleg å berre sitta å slappa av ei stund, å snakka og stille spørsmål.

 Me reiste ganske tidleg til flyplassen for å eta litt lunsj, før reisa til Kuala Lumpur. I Kuala Lumpur skulle en vera i 6 timer, så all shopping venta me med, til det. Flyturen blei litt lang, men eg trur alle var ganske trøtte og slitne, så det var eigentleg deileg å veta, at no var me på veg heim.

12. november

No er vi komen heim. Reisa gjekk kjempefint, sjølv om alle var kjempe trøtte då vi endeleg kom til Noreg. Alle koffertane kom fram til Flesland :)

Turen har vore veldig spennande! Eg har veldig lyst til å gjere noko slikt igjen. Det gjorde noko med meg å få sjå korleis andre folk i verda har det, og kor forskjellege ein kan vere, men samtidig så like.

– Ingeborg og Tina-