Skulestart måndag 17. august

Skulestart måndag 17. august

Måndag 17. august startar me opp igjen etter sommarferien. Då håpar me at alle elevane, og foreldre, er klare for eit nytt skuleår på Danielsen. Me som jobbar her er iallefall klare til å ta imot dykk. Og det er enno plass til fleire elevar i 8. og 9. trinn dersom nokon har lyst til å søka.

9. og 10. klasse startar dagen sin kl. 08.35 og er på skulen heile dagen. Hugs å ta med sekk til skulebøker.

8. klasse startar skuledagen sin kl. 18.00 om kvelden, saman med foreldre. Det første me gjer denne kvelden er å eta kveldsmat i lag. Dereter skal elevane gå i sine klassar og få meir informasjon av sine kontaktlærarar, medan foreldre/føresette får meir informasjon og blir kjende med kvarandre.

NB! Foreldre som kjører borna sine til skulen, må ikkje kjøra forbi barnehagen for å sleppa av. Bruk parkeringsplassen til skulen nede ved veien til dette.

Foreldreparkering og andre besøkande må også bruka denne parkeringsplassen på kveldstid. Evt kan skuleplassen brukast som parkering på kveldsarrangement.