Søkjer lærar med kompetanse i engelsk, og assistentar for skuleåret 2019/20

Søkjer lærar med kompetanse i engelsk, og assistentar for skuleåret 2019/20
Ønskjer du å arbeide ved ein kristen friskule med eit inkluderande personale, og mål om å sjå den enkelte eleven?

Lærar

Vi søkjer etter lærar med kompetanse i engelsk og spesialundervisning, og som kan gå inn i rolla som kontaktlærar. Stillingsstørrelse 90 %.

I ungdomsskulen må ein ha 60 studiepoeng i basisfaga norsk, matematikk og engelsk for å undervise. Andre fag kan ein ha 30 studiepoeng i, og vere kvalifisert. Ein kan også ta videreutdanning for å få denne kvalifikasjonen etter kvart.

Assistent

Me søkjer også to assistentar til vårt spesialpedagogiske arbeid. Fagkompetanse eller realkompetanse innan fagfeltet adferdsproblematikk er ønskeleg. menn vert oppfordra til å søke. Stillingsstørrelse til saman: 166%.

Vi kan tilby:

  • eit godt, støttande og inkluderande arbeidsmiljø
  • spennande og viktige arbeidsoppgåver
  • lunsj
  • gode medarbeidarar
  • lønn tilsvarande som i offentleg skule
  • ein skule der kristne verdiar vert sette på dagsorden
  • mac som arbeidsverktøy

Vi ønskjer:

  • gode, tydelege og trygge klasseleiarar som evner å skape gode klassemiljø og fremmar læring hjå den enkelte
  • løysingsorienterte vaksne
  • effektivitet og stor arbeidskapasitet
  • fleksibilitet, orden og struktur
  • ei hjelpande hand/ vaksne som ser eleven
  • grunnleggande IKT – kompetanse

Tilsette ved DUF må kunne identifisere seg med, og fremje formålet og det kristne verdigrunnlaget for skulen, samt forplikte seg på skulen sitt verdidokument.

Stillingane inneber tett kontakt med elevar, lærarar og andre tilsette, foreldre, og kommunale instansar.

Søknadsfrist: snarast

Ta gjerne kontakt med rektor på tlf: 99 64 22 82 om du har spørsmål. Søknad sender du på eige søknadsskjema som du finn her

Send søknaden til: laila.eidsheim@danielsen-skoler.no

Om arbeidsgjevar

Danielsen skoler er ei kristen friskulerørsle i områda rundt Bergen og på Haugalandet. Første skulen vart stifta i 1932. Vi har 8 skular frå barnetrinnet til vidaregåande med omtrent 2000 elevar og i underkant av 250 tilsette. I Bergen sentrum ligg to vidaregåande og ein ungdomsskule. Vidare har vi ungdomsskule på Osterøy og Frekhaug, i Bergen, Haugesund og Karmøy, samt barne- og ungdomsskule på Sotra.

Egill Danielsen Stiftelse leiger ut bygningar til skulane i tillegg til å levera fellestenester som IKT, rekneskap og lønn.

Skulane er knytta til Indremisjonsforbundet og Norsk Luthersk Misjonssamband