Søknad om permisjon

Søknad om permisjon

Søknad permisjon elevar
  • Privatskolelova § 3-13 regulerer permisjon frå den pliktige grunnskoleopplæringa:

    Når det er forsvarleg, kan skolen gi den enkelte eleven i grunnskolen permisjon i inntil to veker. Ved avgjerd etter føresegna gjeld forvaltningsloven. Avgjerd om permisjon er enkeltvedtak, jf. forvaltningsloven § 2. Departementet er klageinstans.

    Det er altså opp til skulen å vurdere kvar tid ein permisjon er forsvarleg. Skulen har laga nokre retningslinjer for kva me tenkjer er forsvarlege grunnar for permisjon. Det er likevel viktig å presisere at me vurderer kver søknad individuelt.

    - Ferieopphold i lag med med foreldre/foresette når heilt særskilde grunnar har hindra familien i å vere saman i skulen sine vanlege feriar.
    -Turar med stor vekt av fagleg innhald.
    -Helsemessige eller velferdsmessige forhold i familien tilseier at permisjon bør verte innvilga.
    - Viktige hendingar i næraste familie.
    -Eleven skal delta i nasjonale eller internasjonale arrangement innan kultur, idrett eller liknande.

    Søknadnen vert også vurdert ut frå lengda på den permisjonen ein ynskjer. Me ber om at heimen ikkje inngår bindande avtalar eller bestiller billettar til reise før skulen har innvilga søknaden. Ein må forvente at skulen brukar om lag ei veke på å svare på søknaden.
  • Det er forskrift til privatskolelova som regulerer muligheten for at fravær blir strøket på vitnemålet. § 3-40.Føring av fråvær i grunnskolen ..For inntil 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje vert ført på vitnemålet: a) dokumentert fråvær som skyldast helsegrunnar b) innvilga permisjon etter privatskolelova § 3-13.
  • Det er forskrift til privatskulelova som regulerar mogelegheita fro å stryke fråvær på vitnemålet:

    § 3-40 Føring av fråvær i grunnskolen ...For inntil 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje vert ført på vitnemålet: a) dokumentert fråvær som skuldast helsegrunnar b) innvilga permisjon etter privatskolelova § 3-13.
  • Viktig informasjon

    Det er berre foreldre som kan sende inn denne søknaden.