Spørsmål og svar

Browse F.A.Q. Topics

FAU

  • Foreldresamarbeid
    Samarbeid med foreldra gjennom FAU er noko skulen prioriterar høgt. «At FAU gjerne vil ha rektor med på alle møtene sine for å styrka eit godt og tett samarbeid mellom skulen og heimane, synes eg er flott. Det gjer at me får ein følelse av å dra lasset saman, seier rektor Laila Eidsheim».

Helsetenester

  • Helsesyster
    Helsesøster: Kjersti Soldal og Maria Kristine Skjelanger Tilstades på skulen: Tysdag (Kjersti) og annakvar fredag-partalsveker (Maria) Kjersti kan treffast på: Tlf: 90511911/56171109 E-post: kjersti.soldal@meland.kommune.no Maria kan treffast på: Tlf: 41619373/56171100 E-post: maria.k.skjelanger@meland.kommune.no  

Kartlegginsprøvar

  • Kartlegging i ulike fag
    Sida er under redigering.

Klassetur

  • Tur på 10.trinn
    Me legg opp til at klassane i løpet av 10.trinn reiser på ein lengre tur saman, fortrinnsvis til utlandet.

Målføre

  • Målføre ved DUF
    Meland Kommune nyttar nynorsk, noko som gjer at informasjon me sender ut vert skrive på dette målføret. Praksis med elevane sine målføre er lik som ved Meland Ungdomsskule der ein i utgangspunktet har klassar med nynorsk, men der elevar som vil ha bokmål som det fyrste målføret sitt får bøker på bokmål. Sjølve undervisninga vil foregå på begge målføra, fortrinnsvis på nynorsk. Om utgangspunktet på Danielsen framover vert bokmål eller nynorsk kjem an på søkjarane. Sjå forøvrig dette rundskrivet frå Utdanningsdirektoratet

Nasjonale prøvar

  • Har også DUF nasjonale prøvar?
    Hjå oss gjennomfører me nasjonale prøvar på lik linje som på offentlege skular.

Reglement

  • Inntaksreglement
    Inntaksreglementet vårt finn ved å trykkje på lenkja under. inntaksreglement
  • Ordensleglement
    Elevane får utdelt reglementet vårt ved skulestart på 8.trinn. Dette les ein heime, foreldre og elevar skriv under på at dei har lest og er informerte om reglane ved skulen.

Skulelunsj

  • Felles lunsj
    Elevar og lærarar et ein god og næringsrik smørelunsj saman i klasserom. Dette ser me på som god relasjonbygging mellom elevar og lærarar.

Skulepengar

  • Kor mykje kostar det å gå på DUF?
    Skulepengane ligg no på 14 300 kr pr år. Dette inkluderer m.a. skulelunsj, datamaskin (Mac) og overnattingstur for 8.klasse i august.

Transport til/frå skulen

  • Skuleskyss
    Same reglar som ved offentlege skular gjeld innanfor heimkommunen til eleven. Bussane stoppar ved Frekhaug senter, om lag 10 minutt gange frå skulen.