Torsdag 26.oktober arrangerer skulen MISJONSTIVOLI!

Torsdag 26.oktober arrangerer skulen MISJONSTIVOLI!

Skulen har til ei kvar tid eit misjonsprosjekt, der vi samlar inn pengar til misjonsarbeid i ulike land. Akkurat no er vi midt i eit treårsløp der vi støttar eit prosjekt i Mongolia.  Her driv NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) eit arbeid kor dei gir hjelp til utsette born i Mongolia, dei driv aktivitetar kring idrett og tru, og dei driv kyrkjelydsarbeid i landet.

Som eit ledd i å samle inn pengar til misjonsprosjektet, arrangerer vi misjonstivoli ved skulen. Dette er eit arrangement der vi lagar aktivitetar i klasserom som er kjekke for store og små, vi har kafé, og vi avsluttar arrangementet med ei samling der de får høyra meir om misjonsprosjektet og der vi trekk vinnarane av loddbøkar.

 

Av aktivitetar i år kan vi nemne lykkehjul, luftgevær/pistol, svampekast, maling av ansikt, kahoot, med meir. Kvar aktivitet kostar mellom 5 og 15 kronar. I kaféen kan ein kjøpe hotdog, kake, kaffi og saft. Alle inntektene går uavkorta til misjonsprosjektet. Ein kan velje å betale anten med kontantar, eller med VIPPS.

 

Plan for ettermiddagen:

17.00 – 18.00: Aktivitetar og kafé i klasseromma og på bedehuset.

18.15 – 19.00: Misjonssamling på bedehuset – Tale ved rektor, informasjon ved misjonskomiteén,

glimt frå arbeidet vi støttar, og loddtrekning.

(19.00 – 19.30Informasjon om skulen for 6. og 7.klassingar med føresette – for dei som ønskjer å

bli betre kjend med skulen)

 

 

Misjonstivoli er eit opent arrangement for venar og familie av våre elever, og for dei som ønskjer å bli betre kjend med skulen.

 

HJARTELEG VELKOMEN!