Ledige lærarstillingar ut året og til 2019/20

Ledige lærarstillingar ut året og til 2019/20

Ønskjer du å arbeide ved ein kristen friskule med eit inkluderande personale, og mål om å sjå den enkelte eleven?

Vi søkjer etter undervisningspersonell til skulen, som kan fungere som fast vikar resten av skuleåret, samt kome inn i bunken av søkarar til faste stillingar og vikariat for skuleåret 2019/20.

Danielsen skoler er ei kristen friskulerørsle i områda rundt Bergen og på Haugalandet. Første skulen vart stifta i 1932. Vi har 8 skular frå barnetrinnet til vidaregåande med omtrent 2000 elevar og i underkant av 250 tilsette. I Bergen sentrum ligg to vidaregåande og ein ungdomsskule. Vidare har vi ungdomsskule på Osterøy og Frekhaug, i Bergen, Haugesund og Karmøy, samt barne- og ungdomsskule på Sotra.

Vikar resten av skuleåret:

Vi treng ein vikar som resten av skuleåret kan fungere som fast vikar og trør til i klassar der lærar er sjuk eller sjukemeldt. Du må vere innstilt på ein kvardag som ikkje alltid er like forutsigbar, men som garantert er givande. Du må vere ein tydeleg og god klasseleiar, gjerne med eit bredt kompetansefelt innanfor undervisning. Stillingsstorleik 80 – 100% fram til 23.juni, tiltredelse snarast.

Skulen søkjer og ringevikarar som kan spørjast ved behov. Send inn søknad via stillingsannonse på heimesida vår, og skriv tydeleg om du er interessert i å vere ringevikar, eller fast vikar.

For skuleåret 2019/20

Skuleåret 2019/20 treng Danielsen ungdomsskule Frekhaug undervisningspersonell i både faste stillingar og vikariat. Til saman har me 3 – 4 ledige stillingar slik det no ser ut. Det kan kome endringar utover våren.

I ungdomsskulen må ein ha 60 studiepoeng i basisfaga norsk, matematikk og engelsk for å undervise. Andre fag kan ein ha 30 studiepoeng i, og vere kvalifisert. Ein kan også ta videreutdanning for å få denne kvalifikasjonen etter kvart.

Danielsen Frekhaug treng lærarar som kan undervise i mange fag, men me er særleg på leit etter dei som har god kompetanse i norsk, matematikk, engelsk, musikk, spansk og spesialpedagogikk.
Andre fag er også aktuelle.

Vi kan tilby:

  • eit godt, støttande og inkluderande arbeidsmiljø
  • spennande og viktige arbeidsoppgåver
  • lunsj
  • gode medarbeidarar
  • lønn tilsvarande som i offentleg skule
  • ein skule der kristne verdiar vert sette på dagsorden
  • mac som arbeidsverktøy

 

Vi ønskjer:

  • gode, tydelege og trygge klasseleiarar som evner å skape gode klassemiljø og fremmar læring hjå den enkelte
  • løysingsorienterte vaksne
  • effektivitet og stor arbeidskapasitet
  • fleksibilitet, orden og struktur
  • ei hjelpande hand/ vaksne som ser eleven
  • grunnleggande IKT – kompetanse

Tilsette ved DUF må kunne identifisere seg med, og fremje formålet og det kristne verdigrunnlaget for skulen, samt forplikte seg på skulen sitt verdidokument.
Stillingane inneber tett kontakt med elevar, lærarar og andre tilsette, foreldre, og kommunale instansar.

Søknadsfrist: snarast for vikariat ut året, for skuleåret 2019/20 er søknadsfristen 20. mars.

Ta gjerne kontakt med rektor på tlf: 99 64 22 82 om du har spørsmål. Søknad sender du på eige søknadsskjema som ligg i link under.

Trykk på linken for mal til søknad:

Søknadsskjema tilsette Danielsen Ungdomsskule

Ferdig utfylt søknad sendast til:

e-post:
Laila.eidsheim@danielsen-skoler.no
Post:
Danielsen Ungdomsskule Frekhaug
Postboks 56
5906 Frekhaug