Ungdomsskule der kvar enkelt tel
Danielsen Ungdomsskule Frekhaug i Meland kommune.

Om skulen
Danielsen skoler er ei kristen friskulerørsle i områda rundt Bergen og på Haugalandet. Vi feirar 80-års jubileum i 2012. Vi har 7 skular frå barnetrinnet til vidaregåande med omtrent 1700 elevar og i underkant av 200 tilsette. I Bergen sentrum ligg to vidaregåande og ein ungdomsskule. Vidare har vi ungdomsskule på Osterøy og Frekhaug, i Bergen, på Karmøy og i Haugesund, samt barne- og ungdomsskule på Sotra.
Egill Danielsen Stiftelse leiger ut bygningar til skulane i tillegg til å levera fellestenester som IKT, rekneskap og lønn.
Skuletilboda


Kvifor oss?
Kvifor er du på DUF?
Godt miljø
Hovudgrunnen til at eg går på Danielsen ungdomsskule Frekhaug, er at skulen stiller opp med eit miljø som er positivt og godt for elevane å være i. Lærarene ser kvar enkelt elev, dette har veldig mykje å sei for eit skulemiljø.– Mari Giskegjerde
Møte med ungdommar
Eg likar å jobbe saman med kollegaer som ser det gode i elevane og som gjer alt dei kan for å motivere dei til å gjere sitt beste. Og så er eg heldig som får møte så mange kjekke ungdommar kvar dag.
– Eilèn