Browse F.A.Q. Topics
- FAU1
- Helsetenester1
- Kartlegginsprøvar1
- Klassetur1
- Målføre1
- Nasjonale prøvar1
- Reglement2
- Skulelunsj1
- Skulepengar1
- Transport til/frå skulen1
FAU
Foreldresamarbeid
Samarbeid med foreldra gjennom FAU er noko skulen prioriterar høgt. «At FAU gjerne vil ha rektor med på alle møtene sine for å styrka eit godt og tett samarbeid mellom skulen og heimane, synes eg er flott. Det gjer at me får ein følelse av å dra lasset saman, seier rektor Laila Eidsheim».
Helsetenester
Helsesyster
Helsesøster: Kjersti Soldal og Maria Kristine Skjelanger Tilstades på skulen: Tysdag (Kjersti) og annakvar fredag-partalsveker (Maria) Kjersti kan treffast på: Tlf: 90511911/56171109 E-post: kjersti.soldal@meland.kommune.no Maria kan treffast på: Tlf: 41619373/56171100 E-post: maria.k.skjelanger@meland.kommune.no
Kartlegginsprøvar
Kartlegging i ulike fag
Sida er under redigering.
Klassetur
Tur på 10.trinn
Me legg opp til at klassane i løpet av 10.trinn reiser på ein lengre tur saman, fortrinnsvis til utlandet.
Målføre
Målføre ved DUF
Meland Kommune nyttar nynorsk, noko som gjer at informasjon me sender ut vert skrive på dette målføret. Praksis med elevane sine målføre er lik som ved Meland Ungdomsskule der ein i utgangspunktet har klassar med nynorsk, men der elevar som vil ha bokmål som det fyrste målføret sitt får bøker på bokmål. Sjølve undervisninga vil foregå på begge målføra, fortrinnsvis på nynorsk. Om utgangspunktet på Danielsen framover vert bokmål eller nynorsk kjem an på søkjarane. Sjå forøvrig dette rundskrivet frå Utdanningsdirektoratet
Nasjonale prøvar
Har også DUF nasjonale prøvar?
Hjå oss gjennomfører me nasjonale prøvar på lik linje som på offentlege skular.
Reglement
Inntaksreglement
Inntaksreglementet vårt finn ved å trykkje på lenkja under. inntaksreglementOrdensleglement
Elevane får utdelt reglementet vårt ved skulestart på 8.trinn. Dette les ein heime, foreldre og elevar skriv under på at dei har lest og er informerte om reglane ved skulen.
Skulelunsj
Felles lunsj
Elevar og lærarar et ein god og næringsrik smørelunsj saman i klasserom. Dette ser me på som god relasjonbygging mellom elevar og lærarar.
Skulepengar
Kor mykje kostar det å gå på DUF?
Skulepengane ligg no på 15 300 kr pr år. Dette inkluderer m.a. skulelunsj, datamaskin (Mac) og overnattingstur for 8.klasse i august og utanlandstur i 10. klasse.
Transport til/frå skulen
Skuleskyss
Same reglar som ved offentlege skular gjeld innanfor heimkommunen til eleven. Bussane stoppar ved Frekhaug senter, om lag 10 minutt gange frå skulen.